Meir enn kjærleik

Pride handlar om så mykje meir enn kjærleik.

«Å elske er en menneskerett» står det på armbandet eg har fått frå Amnesty. Alle skal få elske den
dei vil. Pride handlar imidlertid om meir enn å få elske den du vil. Det handlar om enda meir
grunnleggjande verdiar, som å få vera den ein er. Skamlaust, fritt og trygt.
Du skal få leva med det kjønnet du har, den kjønnsidentiteten du har og det kjønnsuttrykket du har.
Du skal få leva med den legninga, dei preferansene, parafiliane og særheitene du har.
Du skal få leva som du lystar, enten du er einsleg eller ha to kjærastar. Svaret på lykka er ikkje alltid
to.

Pride er eit opprør mot undertrykking, fodømming, hemmeleghald, vald, trakassering og drap.
Det er ein kamp for å kunne leva trygt som seg sjølv, også når livsstilen og det gode livet bryt
normene i det etablerte samfunnet. Kanskje må ein oppsøkje eigne miljø for å kjenne seg trygg,
velkomen og kunne bløme. Kunne leike, sverme og senke skuldrane. De skal kunne møtast trygt.
Pride handlar ikkje om å vise fram prydelege par og konservative kjernefamiliar i
heteronormativiteten si and. Det skeive miljøet feirar ikkje pride for å tilfredsstille tilskuarane, og
kampane står ikkje om å få villa, volvo og vovov. Kampen står om å få vera seg sjølv, i alles påsyn,
utan at nokon rakkar ned på deg, jagar deg eller sjukeleggjer ditt gode liv. Det handlar om at du skal
få leva som du lystar.

Den skeive kampens parader er ikkje seksualiserte. Dei handlar om seksualitet. Seksualitet er ikkje
farleg, stygg eller smittsom, og tålar godt fokus. Sjølv om du blir beskjemma over å koble dine eigne
seksuelle fantasiar til det du ser, så er det ikkje korkje påtrengande eller upassande for barn å veta at
folk er ulike. At folk kan like å leike med farger, fjør, glitter, lær, blonder og latex fordervar ingen.
Må det sjå ut som eit freakshow? Spør enkelte. Ja, det må jo det. Det er jo nettopp det som er målet;
å drive både folkeopplysning, show og kamp i desse tilstelningane, seminara og paradene. Det finst
transpersonar, fetisjistar og BDSM-folk, og det skal sjølvsagt visast. Den skeive rørsla står ilag,
ekskluderar ingen og opptrer samla. Gode samfunn består nemleg av svært ulike folk.
Dessverre vart vi minna på det i år, at denne kampen handlar om retten til å leva. Leva trygt.
Du bidreg positivt til den kampen med å prate positivt om mangfald og like rettar, men set andre i
fare ved å baksnakke og fare med dehumaniserande retorikk og latterleggjering.
Ord er handling. Vel dei med omhu.

 

Victor Erheim

Leiar SMil.